Ordsamlinga «1000 ord i nord» av Eli Johanne Ellingsve inneheld meir enn 1000 ord frå dialektane i Nord-Noreg

Ordsamlinga "1000 ord i nord"  av Eli Johanne Ellingsve inneheld meir enn 1000 ord frå dialektane i Nord-Noreg.
Ordsamlinga «1000 ord i nord»  av Eli Johanne Ellingsve inneheld meir enn 1000 ord frå dialektane i Nord-Noreg. Her finn ein opplysningar om innhald, uttale, om utbreiing og om opphav. Boka er illustrert med bilete og teikningar. Desse orda i nord kan vere eksempel på det som særmerkjer talemålet i det nordafjelske Noreg i høve til tale­målet i sør, gjennom form eller innhald. I ordboka kan ein finne opplysningar om ordas innhald, uttale, utbreiing og opphav, og korleis dei inngår i andre ord. Orda er funne i lokale ordsamlingar, eller samla inn av heimelsfolk i heile Nord-Noreg, eller dei er henta frå samlingane til Norsk Ordbok. Utvalde teksteksempel frå nordnorsk litteratur viser orda i bruk.

Her er eit døme:

bislag (n)

Eit bislag er eit lite utbygg framfor inngangsdøra til eit hus – eit vindfang eller eit utskot av eit slag. Ordet er lånt inn frå lågtysk, i forma bislach. Den opphavlege tydinga er ’det som er slått fast til noko anna’. I Nord-Noreg har ein nytta ordet på uvanleg vis i eit par høve. Frå Kjerringøy kjenner ein bruken som skjellsord, om eit mindreverdig menneske. Og i Tana kunne ein bruke det skjemtande for å skildre eit menneske som var noko lausmunna: «Ho mangla bislag, vet du, alt fauk rett ut!”

Forfattar av ordboka er Eli Johanne Ellingsve. Ellingsve er ein av redaktørane i Norsk Ordbok, med røter i Troms, oppvekst i Salten og arbeidsstad ved NTNU i Trondheim. Ho har i ei dusin år hatt spalta Ord i nord i Nordnorsk Magasin. Mange av ordartiklane har tidlegare stått på trykk i magasinet, nokre artiklar er utvida, og andre er nyskrivne.

Klikk her for bestillingsskjema for bøker fra Bokbua 

«1000 ord i nord»
Ordinær pris 259 kr. Forlagssalg 229 kr + porto
Ordbok/sakprosa
Nordkalottforlaget 2012
ISBN  978-82-73-80189-0

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s