Ein nordnorsk Paasilinna: Omtale av Ivar Enoksens roman «Karlsen.»

Ivar Enoksen (f. 1940) si bok Karlsen. er ein pikaresk-roman av fyrste klasse.

Bokanmeldelse av John Gustavsen

BOK Karlsen

Ein haustdag kjem sjarken «Vårbud 6» siglande inn hamna i Tverrøysund. «Fjordbygda ligger nordvendt bak et nes, og fortener kanskje ennå i år 2005 å bli kalt et fiskevær, selv om fiskermiljøet har skrantet med årene, og trygdeytelser har tatt over. (…) Langs bryggene og på vågen ligger et antall skjærgårdsjeeper og fire prangende plastcruisere.»

Vi kjenner oss straks heime i teksten til Ivar Enoksen. Hovudpersonen er Lyder S. Karlsen med det løynde namnet Rantanen. Vi kjem inn i eit nordisk litterært landskap, og forfattaren boltrar seg i kunnskap om vårt naboland. Karlsen – merk punktum i tittelen – er ingen kven-som-helst. Rett nok ein noko fallert sjømann, men også ein antihelt med drag på damene: ja, også herrane når han tek dragspelet fatt. Se for deg den lubne mannen som elskar hawaiskjorter og smeltar hjarter med «La Cumparsita».

Nessekongen Moldbakk vert uroleg over sjømannen med den tydelege sjarmen og skjelvande tonar frå lugaren sin. For Lyder har som Evert Taube vore ute på dei skrå breiddegradane i Argentina. Karlsen er ein omstreifar, ein picaro, som forsyner seg av livet. Forfattaren fylgjer ham over hava, inn i dei lumre salongane og fram til kvinner av ulik fasong og karakter. Boka er ein satirisk kommentar til samtida og eit bilete av Mannen i sin maskuline veikskap. Karlsen vil gjerne vera ein helt, men etter mange whiskyglas går det heller tungt. Men morosamt har han det: ja, det går til tider så over styr at lesaren må konsentrera seg for å halda tråden.

Lyder skal ha ein latviar til far, eigentleg Vilhelm Raimo Rantanen fødd i Tervola 1934. Han held identiteten for seg sjølv, men om nettene grev han i utmarka etter eit mystisk skrin, noko som gjer Moldbakk uroleg.

Ivar Enoksen har skrive ein roman som toler samanlikning med dei vi kjenner frå Arto Paasilinna (f. 1942), han er forresten busett i Kittilä. Flakstadvågingen avslørar blendande kunnskap og grundig språkarbeid. Tangoen med melankolien og villskapen ligg under skrivinga. Her er Enoksen på line med finnane, tenk på komponisten og forfattaren M.A. Numminen, født same året som Enoksen. Boka kunne kanskje ha vore korta litt ned, og hadde fortent nok ein runde med korrektur mot ord- og språkfeil (t.d. på s. 44, 53, 58, 133).

Likevel – romanen Karlsen. gjer livet både lettare og lysare. Eg seier som venninna Seija (s. 214): – Oletko hullu, kuningas?

Ivar Enoksen
«Karlsen.»
Kolofon forlag 2016. Roman 321 s.
Anmeldt av John Gustavsen
Nordnorsk Magasin 2-2017

***

Abonner på nyhetsbrevet vårt!

Bestill et abonnement på Nordnorsk Magasin

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s