Eli Johanne Ellingsve

Eli Johanne Ellingsve er Cand.phil. og dr.art. Ellingsve har arbeidd som stadnamnsforskar og statens namnekonsulent i Midt-Noreg og har vore ein av redaktørane i Norsk Ordbok med arbeidsstad ved NTNU i Trondheim. Ho har røter i Gullesfjorden i Troms og med jernbaneingeniør-far vaks ho opp på jernbaneanlegg på strekninga Rana – Bodø langs Nordlandsbanen. Ellingsve har i meir enn ti år hatt spalta «Ord i nord» i Nordnorsk Magasin (NNM). Mange av ordartiklane i ordsamlinga «1000 ord i nord» (Nordkalottforlaget 2012) har tidlegare stått på trykk i NNM, nokre artiklar er utvida, og andre er nyskrivne. Tidlegare har forfattaren gitt ut «Stedsnavn på Svalbard» (Tapir 2005), «Finn et fyr» (Tapir 2007) og «Ishavsfyr» (Akademika 2012).

SONY DSC
Eli Johanne Ellingsve, 2012. Foto: Hilde Kat. Eriksen/ Nordkalottforlaget

Eli Johanne Ellingsve: "1000 ord i nord", nordnorsk ordsamling fra Nordkalottforlaget.Ordsamlinga «1000 ord i nord» inneheld meir enn 1000 ord frå dialektane i Nord-Noreg. Desse orda i nord kan vere eksempel på det som særmerkjer talemålet i det nordafjelske Noreg i høve til tale­målet i sør, gjennom form eller innhald. I ordboka kan ein finne opplysning om ordas innhald, uttale, utbreiing og opphav, og korleis dei inngår i andre ord. Orda er funne i lokale ordsamlingar, eller samla inn av heimelsfolk i heile Nord-Noreg, eller henta frå samlingane til Norsk Ordbok. Utvalde teksteksempel frå nordnorsk litteratur viser orda i bruk. Boka er illustrert med bilde og teikningar.

Du kan bestille boka «1000 ord i nord» av Eli Johanne Ellingsve direkte fra Bokbua vår, eller spørre etter ho i bokhandelen. Boka er også til sal i enkelte museumsbutikkar.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s