Ein nordnorsk Paasilinna: Omtale av Ivar Enoksens roman «Karlsen.»

Ivar Enoksen (f. 1940) si bok Karlsen. er ein pikaresk-roman av fyrste klasse.

Bokanmeldelse av John Gustavsen

BOK Karlsen

Ein haustdag kjem sjarken «Vårbud 6» siglande inn hamna i Tverrøysund. «Fjordbygda ligger nordvendt bak et nes, og fortener kanskje ennå i år 2005 å bli kalt et fiskevær, selv om fiskermiljøet har skrantet med årene, og trygdeytelser har tatt over. (…) Langs bryggene og på vågen ligger et antall skjærgårdsjeeper og fire prangende plastcruisere.»

Vi kjenner oss straks heime i teksten til Ivar Enoksen. Hovudpersonen er Lyder S. Karlsen med det løynde namnet Rantanen. Vi kjem inn i eit nordisk litterært landskap, og forfattaren boltrar seg i kunnskap om vårt naboland. Karlsen – merk punktum i tittelen – er ingen kven-som-helst. Rett nok ein noko fallert sjømann, men også ein antihelt med drag på damene: ja, også herrane når han tek dragspelet fatt. Continue reading «Ein nordnorsk Paasilinna: Omtale av Ivar Enoksens roman «Karlsen.»»